Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Omfattande samferdselssatsing

Omfattande samferdselssatsing

Å vera medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen inneber at du stadig møter folk som er utålmodige og som sterkt meiner at meir skulle vore gjort mykje fortare. Det er svært inspirerande å vera i eit politikkområde med slikt trøkk, og det gjer at me stadig leitar etter dei beste løysingane. Godt er det då å få virka innanfor eit felt som av mange no vert karakterisert som budsjettvinnar, skriv stortingsrepresentant Magne Rommetveit.

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett inneber at me for neste år tek endå eit stort løft for veg- og jernbanenettet i landet. Det er særleg gledeleg at me nå får ei spesiell satsing på drift og vedlikehald. Som gammal ordførar veit eg at det er veldig stas å klyppa snorer og opna nye anlegg. Likevel er det minst like viktig å ta vare på den infrastrukturen me allereie har, både for å betra trafikktryggleiken og for å sikra betre framkome og livskvalitet for folk som ferdast på veg og på bane. Det føreslege budsjettet vil stansa forfallet på vegane våre, og det vil starta arbeidet med å ta igjen etterslepet på jernbanen.

Satsinga på veg og bane er med sine 29,4 milliardar kroner på eit historisk høgt nivå. Med dette har løyvingane til veg auka med om lag 44 prosent sidan 2005, og til

jernbane med om lag 67 prosent. Vegvedlikehald vert med dette budsjettet auka med heile 60 prosent. Dette gjer det mogleg å dekka store behov som følgje av opparbeidd etterslep i vedlikehaldet, kostnadsauke, trafikkauke og nye veganlegg. Løyvinga vil også gje 1000 km med nytt asfaltdekke på riksvegane.

Nær 7 milliadar kroner som statleg løyving til veginnvesteringar vil gje mykje ny veg, og bidra til tryggare og betre framkome og til redusert reisetid for mange.

Og sidan me ikkje har bompengeallergi, drygar me desse milliardane med ytterlegare 3-4 milliardar i bompengar. Dermed vert det bygd nye vegar for over 10 milliardar kroner i 2011.

 

Kravet til Nasjonal rassikringsgruppe innfridd

Regjeringa sitt mål om ein milliardar kroner årleg til rassikring i perioden 2010-2019, vert fulgt opp i dette budsjettet. Dermed er det gamle kravet til Nasjonal

rassikringsgruppe innfridd for første gong. Regjeringa si satsing på rassikring gir auka livskvalitet for folk som er busette langs rasutsette strekningar, og det inneber høgare effektivitet for næringslivet.

 

Meir påliteleg togtrafikk

Det er avgjerande at me får meir påliteleg togtrafikk. Derfor er det gledeleg at regjeringa held fram med det budsjettløftet for jernbanen som blei starta i 2005. Forslaget for 2011 er på 11,5 milliardar kroner til jernbaneføremål. Aldri før har det blitt brukt meir. Med nær 5 milliardar kroner til drift og vedlikehald går regjeringa lengre enn det som er lagt til grunn i NTP-ramma, og sikrar ei rask og naudsynt betring av jernbanen i Noreg. Det høge investeringsnivået i

vår regjeringsid gjer at dobbeltsporet Lysaker-Asker kan opnast neste år. Me har og god framdrift i fleire andre store jernbaneprosjekt.

 

Betre kollektivtransport og mindre bilbruk

Det ligg store satsingar på kollektivtrafikk og andre miljøtiltak i regjeringa sitt budsjettforslag. ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane” er auka med om lag 30 prosent til 431 mill. kroner. Byar som satsar på god kollektivtrafikk og bilavgrensande tiltak som køprising eller rushtidsavgift, vil kunna nyta godt av denne stimuleringsordninga. Det gjer at dei som faktisk må køyra, mellom anna varetransporten, får betre plass og kjem fram i rett tid.

 

El-bilar vil med dette budsjettet framleis ha tilgang til kollektivfelt, til å passera gratis i bomring, gratis offentleg parkering og gratis frakt med riksvegferjer. Det blir også ekstra frådrag i eingongsavgifta for bilar med utslepp under 50 gram CO2/km, og halv sats på vegbruksavgifta for biodiesel vert vidareført.

 

I dette budsjettforslaget vert også vilkåra for sjøtransporten betra, mellom anna ved at kystavgifta vert redusert med 29,2 mill. kroner og løyvinga til utbyggjing av havner og farleier og styrking av oljevernberedskapen vert auka med nær 90 mill. kroner.

 

Av stortingsrepresentant Magne Rommetveit, transport- og kommunikasjonskomiteen

Publisert 06.12.2010