For Arbeidarpartiet er det grunnleggjande viktig med offentleg eigarskap til vasskrafta. 88 pst. av all norsk vasskraftproduksjon er eigd av offentlege selskap som ikkje har tidsavgrensa konsesjon. Likevel har debatten i stor grad dreidd seg om dei få prosentane av vasskraftproduksjonen som vert berørde av heimfall.
Det at me har fått på plass ei ordning der me til fulle utnyttar det handlingsrommet me har etter EØS-retten, og som er i samsvar med EFTA-domstolen sin dom, gir eit føreseieleg og langsiktig perspektiv. Her må eg seia at Regjeringa har gjort ein god jobb.
For kommunar og fylkeskommunar er det all grunn til å vera fornøgde med den løysinga me her får. Resultatet kunne nemleg ha vore eit heilt anna, anten ved at heimfalls- ordninga vart avvikla og private selskap kunne by over kvarandre, eller ved at ordninga vart utvida slik at òg kommunar og fylkeskommunar måtte gje frå seg kraftverka sine om nokre tiår.
Den ordninga me no vedtek, vil føra til at vassfall og kraftverk som er i privat eige, vert førte over til staten vederlagsfritt ved avslutta konsesjonsperiode. Dagens konsesjons-periodar går ut mellom 2020 og 2065. Sidan 1909 har me hatt ei ordning her i landet som har gått ut på at privateigde rettar til vasskraft vert førde over til det offentlege etter 60 år. Difor har eg vanskeleg for å forstå at enkelte framstiller det som at staten skal ta vasskrafta frå Hydro og andre private eigarar. Tidspunktet for heimfallet har faktisk vore kjent lenge.
God løysing for industrien
Det har vore store diskusjonar om den ordninga som me no vedtek, gagnar industrien. Jo, dette er ei god løysing! Regjeringa si løysing for heimfall vil føra til at den kraftintensive industrien her i landet vert sikra tilgang på kraft og er dermed med på å leggja grunnlaget for langsiktige investeringar for selskapa. Industrien får høve til å ta ut verdiane dei sit på, og dei får òg høve til å ha inntil ein tredels eigarskap i krafta. Gjennom lovfesting av retten til omgjering, dvs. at tidsavgrensa konsesjonar vert gjorde om til tidsuavgrensa konsesjonar ved sal frå private til offentlege før heimfall, bidreg me til at industriutviklinga held fram her i landet. Regjeringa vil òg sjå på moglegheitene for utleige av fossefall med tilhøyrande kraftverk.
Høgre og Framstegspartiet vil privatisera
Medan Høgre og Framstegspartiet på si side og på sikt ønskjer å privatisera vasskrafta, er det viktig for Arbeidarpartiet at me på denne måten sikrar at energiressursane våre skal vera i heile folket sitt eige. Her går det tydelege ideologiske skiljelinjer mellom partia. Ei privatisering vil bety betydelege verdioverføringar til privat kapital og tap av store inntekter for kommunar og stat.
Vasskraft og industriutbygging
Offentleg eigarskap er viktig for lokalsamfunn rundt omkring i landet, f.eks. i Årdal, som eg kjenner veldig godt. Der, og på mange andre plassar rundt i landet, har vasskrafta vore sentral for utvikling av arbeidsplassar og for verdiskapinga. Moglegheita for å bruka fossekrafta der førde til vasskraftutbygging, som førde til industriutbygging. No er det danna eit bilete av at samfunn som Årdal og Høyanger ikkje lenger kan venta seg store investeringar frå Hydro. Då må eg berre minna om at Høyanger Verk har kraftavtaler med Statkraft og Årdal Verk har konsesjonskraft til 2057. Derfor må eg få lov til å sitera leiaren i Årdal Arbeidarparti, Hilmar Høl, som òg er aktiv innan industri og energi. Han seier at det ikkje står på heimfallsaka om framtida til desse verka, men faktisk på viljen til å investera.
Det er viktig at selskap som Hydro òg i framtida vil investera i Noreg, men denne saka dreier seg om mykje meir enn å sikra Hydro eigarskap til kraftverka i Røldal-Suldal i 40 nye år. Det dreier seg om kven som skal eiga sjølve arvesølvet vårt, norsk vasskraft.
Av stortingsrepresentant Gunvor Eldegard Ap), Næringskomiteen