Valdtekt er noko av den verste form for kriminalitet nokon kan oppleve. Offeret blir påført store skader og mister tryggleiken. Materielle skader forsikrar vi oss mot, men valdtekt og seksuelle overgrep blir opne sår i sjel og forstand. Derfor må vi ta eit felles ansvar for å forhindre dette.
Vi treng eit samfunnsløft mot valdtekt. Alle gode krefter må mobilisere i kampen for kvinners rett til å ferdes fritt i byen- og bygdas gater, og ikkje minst innanfor husets trygge veggar. For det er ikkje til å underslå at det er på den heimlege arena at dei fleste valdtekter skjer. Desse voldtektene skaper ikkje overskrifter på same måte, men det er like fullt overgrep mot jenter og kvinners fridom til sjølv å bestemme over sin eigen kropp.
Dette er ikkje politiet sin sak aleine. Vi menn har eit ansvar for eigen framferd. Vi har alle eit ansvar for å gje kvinner trygg ferdsel gjennom byens gater sjølv om det er mørkt. Det er vårt felles samfunnsansvar å skape tryggleik.
Det finnast ikkje enkle løysingar i kampen mot valdtekt seiast det, men kanskje det nettopp er så enkelt at vi gutar/menn må lære at eit nei er eit nei. Viss dette var medfødt lærdom ville mykje vore vunne.
Det har vore uttalt frå fleire hald at jenter bør ta førehandsreglar. Det gjer jenter kvar einaste dag: dei tar taxi, går saman med vener, tenker gjennom kva som er den tryggaste vegen heim og snakkar i telefon, fordi dei føler seg utrygge.
Statistikken viser at mange valdtekter skjer når offeret og eller overgriparen er rusa, men det er ikkje formildande av den grunn. Ein førehandsregel som gjeld alle, vil i så tilfelle vere at det må drikkast mindre alkohol eller strammast inn på skjenketidene. På same måte som jenter passar på venninnene sine, må gutta også sei i frå når kompisane er i ferd med å gå for langt på fest eller nachspiel.
Som stortingsrepresentantar har vi eit stort ansvar for å bestemme og løyve innsats til førebygging av vald i nære relasjonar, overgrepsproblematikk og valdtekter. Økte straffer og meir etterforskingskapasitet er ein av mange grep vi har etablert. I tillegg har vi fordobla valdtektsgruppa hjå Kripos, rett til bistandsadvokat, styrka helsetenesta og etablert valdtekts- og valdsmottak over heile landet. DNA-reformen er også eit viktig tiltak. Dette er nokon av dei mange tiltak som er sett inn i kampen mot valdtekt frå myndigheitene si side, men dette aleine ikkje er nok. Vi må alle vere med å ta eit felles løft og eit felles ansvar for å få bukt med uakseptabel framferd. Vi ønskjer også at kommunar skal ta grep gjennom handlingsplanar og godt samarbeid mellom organisasjonar, politi, drosjenæring og utelivsnæring. Samstundes appellerer vi til at fleire menn blir med i arbeidet med nulltoleransen mot voldtekt.
Thor Lillehovde og Sigvald Oppebøen Hansen, justiskomiteen