Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Norsk design – ei framtidsnæring!

Norsk design – ei framtidsnæring!

Dei fleste nordmenn har høyrt om ”Moods of Norway”. Det norske moteselskapet har gjort kjempesuksess i USA med sine fargerike designklede, som vert brukt av både film- og  popstjerner. Det er eit døme på at norsk motebransje har alle mulegheiter framover, skriv stortingsrepresentant Gunvor Eldegard.

Men skal me få det til må norske designarar og moteselskap bli enda betre til å laga og selja design. Dei store moteselskapa må bli flinkare til å inkludera små og nye designarar. Bransjen må bli betre til å samarbeide. Dessutan må myndigheitene gjennom Innovasjon Norge bidra til vidare drift av moteinstituttet NFI.
 
”Norsk moteuke” og ”Norwegian Fashion Week” går av stabelen dei neste to vekene. Begge er viktige arenaer for å fremma norsk mote. For dessverre er norsk design ennå ikkje ei spesielt kjent merkevare verken her til lands eller i utlandet. Men eg meinar at vårt mål må vera være at norsk design skal bli ei solid merkevare og dermed også ei viktig næring i framtida.
 
Dansk  mote er meir kjent i utlandet enn norsk. Det er blant anna fordi danske myndigheiter  i ein 10-årsperiode satsa 1,5 mrd kroner  på moteindustrien i Danmark. Dette i tillegg til gode designarar har vore med på å bygd opp den danske moteindustrien – og som gjer at dansk design faktisk har blitt ei internasjonal merkevare.
 
Norsk design kan bli en viktig næring i framtida. Skal me få det til må me bygga ho som merkevare. Det krev mykje av alle i bransjen. Men det krev også at me politikarar støttar arbeidet. Da kan norsk design oppnå internasjonalt ry. 
 

Av stortingsrepresentant Gunvor Eldegard

Publisert 15.02.2011