Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Noreg, Frps skattemareritt

Noreg, Frps skattemareritt

Du betaler 75 prosent av løna di i skattar og avgifter, påstår Framstegspartiets formann, Siv Jensen, i fleire intervju med utanlandske journalistar. I tillegg seier ho at helsetilbodet er dårleg, og at sjuke folk må vente til styresmaktene finn det for godt med å gje behandling. Framstegspartiets statsministerkandidat presenterer landet sitt som eit Nord-Korea, skriver nestleiar i Arbeiderpartiet Helga Pedersen.

Eg er stolt over at Noreg gong etter gong blir kåra til det beste landet i verda å leve i. Dei aller fleste av oss har ein jobb eller ein skule å gå til. Dei med små ungar har barnehageplass, dei sjuke har eit helsetilbod som ikkje er avhengig av kor mykje dei tener, dei gamle har eit verdig omsorgstilbod. Dette gjer at dei fleste nordmenn kjenner seg trygge og har tru på framtida. Dette er ein del av den norske modellen. Når eg seier at dei fleste kjenner det slik, tyder det ikkje at vi er i mål enno. Vi som vil eit betre samfunn, har framleis mykje å gjera.

Eg synest det er trist at stortingspolitikarar bruker energien sin til å rakke ned på og spreie løgn om det fantastiske landet vårt, jamvel om ein er usamd om politiske vegval.

Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå har rekna ut at den gjennomsnittlege skattebyrda er på om lag 38 prosent, altså halvparten av det Frp-leiaren seier. Direkte skatt utgjer om lag 25 prosent, medan avgifter svarar til om lag 13 prosent. Så kjem det kritikk frå ymse hald på denne reknemodellen, blant anna fordi arbeidsgjevaravgifta ikkje er med. Professor Fredrik Zimmer er éi av dei kritiske røystene i Dag og Tid 4. februar.

Nettavisa E24 er også kritiske og har spurt privatøkonomiekspert Rune Pedersen i ABC Penger til råds. Han seier at ein gjennomsnittsfamilie med to inntekter på 450.000 kroner og 350.000 kroner, vanleg forbruksmønster og ein bil har ein skatte- og avgiftsprosent mellom 41 og 45 prosent. Det er noko meir enn Finansdepartementets utrekning, men likevel langt under det Siv Jensen seier.

Siv Jensen si skattesutring kan kanskje ha relevans for folk som brukar 55 prosent av inntekta si på alkohol og røyk, 11 prosent på bensin, 11 prosent på mat, 11 prosent på alkoholfrie drikkar og 11 prosent til husleige, sydenturar og andre varer. Er dette folk flest? Denne utrekninga er gjord av doktorgradsstipendiat Morten Josefsen, ifølgje Dagsavisen.

Sidan dei raudgrøne partia tok over, har vi halde det samla skatte- og avgiftsnivået uendra på 2004-nivå, men vi har gjort omfordelingsgrep der dei med dei høgste lønene har fått skatteskjerping, medan dei med låge og normale løningar har fått tilsvarande skattelette. Alle skal vere med og bidra til å finansiere det spleiselaget som velferdsstaten er, men dei med mykje skal bidra meir enn dei med lite.

Og med det har vi kome til kjernen i debatten.

Framstegspartiet ønskjer å byggje ned den skattefinansierte velferdsstaten. Deira heilage gral er å kutte skattane slik at folk som treng helse, omsorg, skule og utdanning, skal kunne kjøpe slike tilbod frå private tilbydarar. Dei offentlege velferdsoppgåvene skal byggjast ned, det offentlege skal i staden shoppe velferdstenester frå private aktørar. Frp vil gjere velferda vår til big business.

Men tryggleiksbehovet til det norske folket er ikkje til sals. Vi treng eit fellesfinansiert velferdstilbod, og skatten er medlemskontingenten til eit godt og rettferdig samfunn. Arbeidarpartiet vil halde fram med å jobbe for å forsterke og forbetre velferda, syte for at folk har jobb, at dei eldre får eit verdig omsorgstilbod, for eit inkluderande arbeidsliv, for mindre forskjellar og for at dei som blir svikne av foreldra sine, ikkje skal bli svikne av samfunnet.

Eit ordskifte om skatt handlar ikkje berre om kor mykje – men om kvifor.

Dag og Tid 11. februar 2011

Publisert 16.02.2011