Arbeidsplassane som reiselivet representerar er svært viktige distriktarbeidsplassar. Utviding av sesongen frå kun sommer til vår/haust ,og å gje drahjelp for å få heilårsarbeidsplassar er viktig for regjeringa. Verktøykassen vår er innholdsrik, og markedsføringa er auka med over 150 % med Arbeidarpartiet i regjering. Innovasjon Norge som har fått vesentleg auka midlar frå regjeringa, markedsfører Norge med naturbaserte opplevingar. Friskheit og sterke opplevingar i vakker og rein natur.
Reiseliv er ein av fem næringar som skal prioriterast i vår strategi. "Fyrtårnet" i profileringa av Norge er Fjord og fjell landskapet. Dette opplevelsesområdet er unikt og har størst attraktivitet. I tillegg er det utpeikt tre viktige "fyrlykter". Kysten og kystkulturen, fjell og villmark og det arktiske Norge.
Som ansvarleg for reiseliv i Arbeidarpartiet vil eg ta initiativ til rådslag, der vi saman med næringa ser på utfordringar og mogligheiter. Dette kjem i tillegg til at regjeringa alt har sett ned strategiske råd om reiseliv. Eit utgangspunkt for meg er å få meir einsretta markedsføring. Dei tre nordlegaste fylka har til dømes samla seg under ein paraply. Fjord Noreg er eit anna kjent begrep. Kan dette vera eit forbilde også for fleire delar av landet?
Ingrid Heggø, stortingsrepresentant, medlem av næringskomiteen