Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Langsiktig matforsyning og livskraftige bygder

Langsiktig matforsyning og livskraftige bygder

Årets jordbruksoppgjer er i hamn, og det vart eit godt oppgjer. Regjeringa sitt klåre mål i landbrukspolitikken er at vi skal sikre ei langsiktig matforsyning i heile landet, og at landbruket skal produsere trygg mat av høg kvalitet.

Næringa ynskjer langsiktigheit som kan gi mange fellesgode både direkte og indirekte. Landbruket er viktig i våre overordna mål om livskraftige bygder og sysselsetting i heile landet. Samstundes er bønder og beitande dyr leverandørar av kulturlandskap slik vi kjenner det i norsk målestokk. For Regjeringa er det viktig å sikre bøndene stabile og påreknelege rammevilkår, og høve til same utvikling i inntekt som andre.

 

Årets avtale er på 1,9 mrd kroner, fordelt på 1205 mill på pris og 350 på ramme, og 45 mill i overførte midlar frå 2007. Ramma skal brukast til å auke distriktstilskotet. Altså å styrke inntektsmoglegheitene på mindre bruk, til dømes i Sogn og Fjordane. Påplusset på pris vil, slik berekningane føreligg, utgjere ei krone pr person pr dag. Det er ein auke i matbudsjettet dei aller fleste må kunne leva med, og som gjer at vi også i framtida vil ha eit landbruk i Norge, i heile landet.

Når ein tek med i vurderingane alle dei fellesgode landbruket gir oss, kan vi stå rakrygga og si, at dette var eit godt oppgjer for oss alle. Næringsmiddelindustrien er fornøygd, for det trygger distriktsarbeidsplassane i norsk matproduksjon. Reiselivet er fornøygd, kulturlandskapet blir ivaretatt, ikkje minst grunna innfallsvinkelen om auka produksjon av sau og storfekjøt. Dyr skal ut på beite, det blir gitt sterkare føringar for at beiting skal vera reell, av dyrevelferdsmessige årsakar. Det blir ein smidigare overgang frå båsfjøs til lausdrift. Det blir gitt dyretilskot for kjøttproduserande dyr samstundes som den same bonden kan få tilskot for mjølk. Ein kan ha to produksjonslinjer, og mange tome fjøs kan bli tatt i bruk att.

Bøndene sjølv er fornøygd med avtala. Det er fyrste gong ei avtale er sendt ut til uravstemming til begge organisasjonane, og dei ga den eit rungande ja. Landbruksbefolkninga har tiltru til dei raud-grøne. Desse tre åra har næringsgrunnlaget auka med omlag 60 000 kr. I årets avtale er det lagt inn moglegheiter for justeringsforhandlingar, dersom prisen på kraftfôr og gjødsel aukar kraftig. Det er vanskeleg å berekne delar av talmaterialet som ligg til grunn for ei slik avtale. Den internasjonale matvaresituasjonen er uviss, kampen om mat tiltek. Klimaendringar og avlingsskadar gjer sitt til at alle land i større grad enn før, bør sørgje for meir produksjon av det ein har naturgitte føresetnader for.

Imidlertid er pessimismen snudd til optimisme. Talet på bruk som blir lagt ned har flata ut. Behovet for meir investeringsmiddel er eit teikn på framtidstru i næringa.

Det er rydda opp i mjølkesektoren. Enkeltbruk med kvoter under 400 000 liter kan leige av naboar eller andre i rimeleg nærheit, for å utnytte kapasiteten. Andre slepp å ta valet om nedlegging, ein får meir tid til å områ seg.

Ein stram arbeidsmarknad er medverkande til ei viss avskaling, men effektivisering gjer at dyretalet er veksande for mange produksjonar. Regjeringa skal setja ned ei partssamansett gruppe som skal sjå på marknadsordninga for egg og kjøt.

Dette må ein ha ein gjennomgang på, for moglegheitene for auka støtte i høve til framtidige WTO mål er nådd. Norge deltek aktivt i utviklinga av ei ny WTO-avtale, og har som målsetjing, at vi også i framtida skal ha eit levande landbruk over heile landet og sikre ein nasjonal matproduksjon.

 

Velferdsordningane er styrka, og det er viktige tiltak som særleg yngre bønder etterlyser. Det betyr noko å få nokre feriedagar saman med familien, eller vera sikker på at ein kan vera sjuk når ein er det. Dei veit at avløysaren kjem.

 

Skogen si betydning inn i ei ny tid, bør ein ha eit større fokus på. Opptaket av CO2 er langt ut over det utsleppet landbruket elles står for. Moglegheitene for utnytting til biodrivstoff og biobrensel, tilplanting, pleie og hausting av ein fornybar ressurs må intensiverast. Landbruket har eit stort fokus på utslepp, på haustpløying og overforbruk av gjødsel. Store summar er og skal bli brukt for å kartleggje den optimale dyrkingsforma. Økologisk produksjon har denne Regjeringa som målsetjing skal opp på 15% innan 2015. Ambisiøst, men små og store tiltak og tilskot skal bringe oss opp mot målet. Årets avtale gir føringar for å gi gulerøtter til matprodusentane. Folket ynskjer større økologisk tilbod, og her er det eit vekstpotensial som bør dekkast med norsk produksjon. Det er over tid lite berekraftig å hente desse matvarene world wide!

 

Tilliten til norskprodusert mat er overveldande. Det er eit stort fokus på trygg mat, eit Mattilsyn som er på tur opp å stå, som folk har tillit til. Tiltak som er sett ut i livet for å møte epidemi, KSL Matmerk, mange gode merkeordningar som folk føler tryggleik med.

Sjølv om kravet frå organisasjonane var skyhøgt, har vi landa på ei avtale der yrkesutøvarane er fornøgd. Men vi skal fylje nøye med, moglegheitene og utfordringane er mange, både nasjonalt og internasjonalt. Aukar produksjonen, som vi ynskjer, aukar òg innsatsfaktoren.

 

Opposisjonen ser ingen endring i Regjeringa sin landbrukspolitikk. Kanskje har biletet vorte noko klårare med alle desse eksempla. Det som imidlertid er heilt klårt, er at om Høgre og Frp kjem til makta, blir det ingen forhandling om jordbruksavtale i framtida. Forutsigbarheita med ei næringsstøtte i botn, og dei strukturendringane desse partia står for, blir nok meir å oppleve som ein blåmåndag.

 

Av stortingsrepresentant Sigrun Eng (Ap) – landbrukspolitisk talsperson

Publisert 19.06.2008