Debatten rundt møtet har naturleg nok vore prega av spørsmålet om korleis Noreg bør bruke oljepengane vi er så heldige å ha til rådvelde, ikkje minst med utgangspunkt i følgjande spørsmål: Bør vi ikkje investere i framtidig verdiskaping istadenfor å ”spare oss til fant”?
Det er flott at mange engasjerer seg i denne debatten, for få ting er viktigare enn spørsmålet om kva Noreg skal leve av i framtida og korleis vi bør te oss i dag for å møte denne framtida på best mogleg vis. Debatten er likevel prega av ei litt for snever oppfatning av kva det vil seie å investere i framtidig verdiskaping.
Det er rett at mykje av det vi bruker på vegar, jernbane, hamner og farleier vil styrkje den framtidige verdiskapinga. Samtidig vil dei fleste vere einige i at pengar brukt på barnehagar, barnevern, helse, styrking av skulen og kamp mot fråfall i vidaregåande i høgste grad er ei investering. Ingenting er viktigare for verdiskapinga i framtida enn at folk er arbeidsføre og kan bidra.
Det som færre tenkjer over er at vi òg investerer i framtida med å ha ein disiplinert oljepengebruk. Kvifor? Fordi idear og innovasjon i stor grad oppstår og blir utvikla innanfor industrimiljøa og dei konkurranseutsette næringane vi har i dag. Bruker vi så mykje oljepengar at vi får eit særnorsk høgt rentenivå og eit hopp i kronekursen, blir produkta til våre konkurranseutsette næringar dyrare. Då svekkjer vi desse næringane og med det den nyskapinga som skal gje oss arbeidsplassar i framtida.
Dette er langt meir enn skrivebordsteoriar. I åra 2002-2003 sleit Noreg med høge renter og ein sterk kronekurs, og 30 000 industriarbeidsplassar gjekk tapt. Sjølv var eg fylkesordførar i Finnmark på den tida, og såg korleis mange bedrifter langs kysten vart slegne ut. I Vardø har ein enno ikkje kome seg på beina etter nedleggingane i fiskeindustrien som kom i den perioden.
Derfor skal vi lytte til Sigbjørn Johnsen når han manar til måtehald. Den beste investeringa i framtidas arbeidsplassar får vi med ein balansert oljepengebruk. Det hjelper ikkje å gje næringslivet betre vegar, dersom bedriftene som skal frakte varer på desse vegane går konkurs.
Helga Pedersen, Arbeidarpartiets parlamentariske leiar