I seks år har vi hatt ein politisk kamp om våre konsesjonslover. Når historikarar skal analysere dette vil dei sikkert bli forundra over at det var Det europeiske frihandelssambandet EFTA som sette i gang det heile. EFTA vart skipa i 1960 av 10 statar, som ei motvekt til EU. Seks av dei 10 EFTA-statane har sia gått over til EU. Norge har heile tida vore ein trufast medlem av EFTA.
I samband med EØS-avtalen etablerte EFTA overvakingsorganet ESA, med ein regjeringsoppnemnt representant frå kvar av dei tre EØS-landa Norge, Island og Liechtenstein. Det er såleis vårt eige organ - ikkje EU - som har kome med innvendingane til våre konsesjonslover. Etter at regjeringa hadde sett foten ned, klaga ESA Norge inn for EFTA-domstolen, noko den norske Hydro-sjefen hadde ivra sterkt for. Det er som diktaren Per Sivle seier: «For støtt der nordmenn lyt vera med når Noregs merke skal hoggast ned.»
Men så opplever ein at EU møter i EFTA-domstolen og vitnar til fordel for Norge. Alle som vil studere denne seksårskrigen om konsesjonslovene vil sjå at det var siste regjeringsskifte og EU som kom til å berge konsesjonslovene, slik at vasskrafta også i framtida skal høyre til det norske folket.
Høgre og Venstre foreslår at regjeringa bør greie ut korleis Statkrafts eigedelar i regionale kraftselskap skal organiserast, om staten skal eige dei direkte eller ved eit anna statleg selskap.
Statkraft kan lett bli for dominerande i marknaden, så dette forslaget burde også dei raudgrøne vurdere grundig.
Merknaden om konsesjonstida for private kraftverk legg høgrepartia stor vekt på. Heimfall knytt til private kraftverk gjeld i hovudsak kraft til kraftintensiv produksjon, dominert av Hydro og Elkem. Dette utgjer likevel berre ein firedel av kraftforbruket til kraftintensiv produksjon, og har første heimfall om 14 år og det siste om 49 år. Opposisjonen foreslår heimfall i 2069, mens regjeringa held seg til eksisterande konsesjonar. Å sikre kraftintensiv industri med nok og rimeleg kraft gjeld likevel noko mykje meir enn den relativt vesle delen som er knytt til heimfall.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Venstre «viser til at dersom kraftanleggene blir overdratt til offentlege kraftverkseigarar før heimfall, kan ein søkje om at vilkåret om heimfall omgjeres slik at konsesjonen blir tidsuavgrensa. Vilkår i konsesjon og avtale om bruk av kraft til industriproduksjon vil fortsatt hefte på kraftanleggene i tråd med føresetnadene. Med inntil 1/3 deleigarskap i offentlege kraftverk kan industriselskapa dette gjeld, gjennom lovfesta rett til omgjering sikre seg langsiktig krafttilgang til fortsatt industriverksemd.»
Etter dette vil private kraftverkseigarar unngå vanlege anbods- og konkurransereglar av di det her er berre offentleg kraftverkseigarar som kan kjøpe. Staten ved Statkraft har kraftverk med ein samla produksjon i storleiken 43 TWh. Det er vel eigaren som har det siste ordet også i Statkraft? Viss rattet er blitt borte, må ein få det på plass igjen og styre nødvendig krafttilgang til industrien - på akseptable vilkår. Og så er det heldigvis slik at same kven som har regjeringa, er det tverrpolitisk semje om å skaffe industrien langsiktige og gode kraftavtaler. Og det viktigaste av alt: Norge har utveg til det.
Kva var det så kampen om konsesjonslovene eigentleg sto om? Kort og godt dette:
Den førre regjeringa ville jenke seg etter innvendingane frå ESA, og foreslo dramatiske endringar av konsesjonslovene. Kommunar og fylke skulle gratis gi ifrå seg det meste av kraftverka sine. Staten skulle agere som ein formidlingssentral for tjuvegodset tatt frå kommunane, med det føremålet å starte ei gjennomgripande privatisering av kraftverka. Det mest ekstreme ved dette opplegget var at eigedomsretten til kraftverk vart oppheva.
At eit slikt opplegg kom frå ei regjering der Høgre var med, er ikkje til å tru. Eg har alltid rekna Høgre for det partiet som mest konsekvent har verna om eigedomsretten. Det at Høgre no ikkje fremjar sine tidlegare anarkistisk prega forslag til konsesjonslover, er viktig For det er Høgre som må bli garantisten for stabile konsesjonslover som sikrar størst mogleg offentleg eigarskap. Og så må eg legge til: Det er vel neppe feil påstand at Høgre sine kloke byrådsleiarar i våre to største byar her har gjort eit godt misjonsarbeid innan partiet.
I dag skal Odelstinget behandle regjeringas forslag til endelege konsesjonslover. Det ligg ikkje føre noko forslag som går imot regjeringas hovudliner. Kristeleg Folkeparti og Venstre går saman med regjeringspartia og «sluttar seg til at Regjeringa har sikra det breie offentlege eigarskapet til vasskraftresursane. Produksjon og distribusjon av energi frå vasskraft skal i størst mogleg grad vere offentleg eigd. Dette fordi ein so grunnleggjande og avgjerande ressurs som energitilgang og produksjon etter fleirtalet si meining skal vere under folkevald og demokratisk kontroll. Fleirtalet meiner det og er eit tryggleikspolitisk aspekt ved det å sikre det offentlege eigarskapet til denne ressursen og i framtida. I tillegg til dette meiner fleirtalet at den norske vasskrafta er ei evigvarande og forureiningsfri energikjelde, som i framtida vil gje oss alle store og evigvarande inntekter so lenge ressursane er i alles eige gjennom det offentlege.»
Av Osvald Medhus, tidlegare Ap-ordførar i Hol kommune
Publisert i Nationen 22.09.2008