Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Kulturfienden Fremskrittspartiet

Kulturfienden Fremskrittspartiet

Eg syns det er oppsiktsvekkjande at Fremskrittspartiet foreslår eit kulturkutt på 1 milliard kroner, når dei bruker om lag 5,8 milliardar meir på statsbudsjettet enn regjeringa. Med så mykje monopolpengar, er det heilt klart at kultur ikkje er eit prioritert område for dei, skriv stortingsrepresentant Lene Vågslid.

Regjeringa sitt mål om at 1 % av statsbudsjettet skal gå til kultur innan 2014 blir forsøkt latterleggjort av opposisjonen. Det er då det er så godt at me med tryggleik kan sei at me er i rute med dette målet. Med neste års statsbudsjett har me økt kulturbevilgningane med til saman 3, 3 milliardar sidan me tok over i 2005.

Kampen om samfunnsretninga står heile tida, gjennom dei små skritta og dei vala me tar kvar dag. Det ville aldri vore i vår villaste fantasi å kutta kulturfeltet med 1 milliard kroner. I dag som i går, og som i morgon, vel Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa å halde fram med å styrke kulturfeltet, og det er eg veldig glad for.

 

Kvart år mottek mange kunstnarar og kulturberarar økonomisk støtte frå staten. Ei støtteordning som Framstegspartiet ynskjer å fjerne. I år vidarefører regjeringa 256 ordinære arbeidsstipend, og 167 arbeidsstipend for yngre/ nyetablerte kunstnarar. I tilegg foreslåast det å opprette 10 nye arbeidsstipend. Desse kronene får me svært mykje att for.

 

Denne støtta har ei stor lokal og regional betyding, så vel som nasjonal. Den har ei betyding for utviklinga av mangfaldig kulturtilbod for innbyggjarane, og ikkje minst er det med å påverke attraksjonskrafta både lokalt og regionalt. For oss som kjem frå distriktet, så veit me spesielt kor viktig dette er i bygde-Noreg.

 

Lene Vågslid, stortingsrepresentant, familie- og kulturkomitéen

Publisert 06.12.2010