Kvar dag kan me lese i avisene, eller få bilde på TV-skjermen, at kvinners rettar krenkast, barn blir utnytta eller skadelidande ved krigføring, at ytringsfridomen blir knebla, trusfridomen også. Me høyrer om jenter i Afghanistan som ikkje tør å gå på skule, av frykt for å bli angrepet av Talibanarar på skulevegen til dømes. Det seinaste er at Sveits har vedteke minaretforbod. Fleire gonger får ein inntrykk av at verda blir betre, men opplevast som verre. Ein stor del av verdas befolkning er dessverre omgitt av nød og hunger. Arnulf Øverland sin ord ”Du skal ikkje tåle så inderlig vel den urett som ikkje rammer deg sjølv”, er framleist ein god politisk ledesnor.
Brot på menneskerettar er ei legitim og viktig sak å gripe fatt i for det internasjonale samfunnet. Menneskerettar er universelle rettar, uavhengig av om det er store politiske og kulturelle forskjellar rundt om i verda.
Det er all grunn til å frykte framtida i ei verd der vald og hunger dominerer. Hunger går det an å gjere noko med, men valden er ei større utfordring. Det viktigaste me kan gjere på dette området, er å bruke diplomatiet og FN sin menneskerettskommisjon. Det må forhandlast, og det må informerast overfor opinionen.
Sjølv om Noreg er eit lite land, er me i verdsmålestokk på mange måtar store innanfor temaet menneskerettar. Det er ofte slik at det kan vere lettare for eit lite land å gå i spiss for slike saker. For oss som har vårt daglege virke i nasjonalforsamlinga, og fritt kan hevde våre meiningar, så må me intensivere arbeidet knytt til spørsmål om menneskerettar. Det finnast så uendeleg mange utfordringar på dette spørsmålet ute i den store verda. Så lenge menneskerettar blir brote, må me sloss for at FNs menneskerettskonvensjonar skal gjelde alle folk og nasjonar. Derfor er det også viktig for oss som nasjon å ta inn over oss at Noreg har fått kritikk av FN for bruk av varetektsfengsling.
Av Sigvald Oppebøen Hansen, stortingsrepresentant (Telemark Ap), medlem justiskomitéen