Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Ingen kamera på do

Ingen kamera på do

”Når jeg låser døra på do, er det ikke fordi jeg planlegger å gjøre noe kriminelt.” Slik lydde ei av tekstmeldingane som gjekk over skjermen då eg nyleg deltok i Tabloid på TV2 om EUs datalagringsdirektiv (DLD). Poenget var sjølvsagt å imøtegå oppfatninga at ”så lenge ein ikkje har noko å skjule, har ein ingenting å frykte”, skriver Helga Pedersen, parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet.

Dersom DLD handla om at alle skulle overvakast i fall nokon gjorde noko kriminelt, hadde meldinga vore relevant. Men DLD handlar ikkje om overvaking. Det blir ingen kamera på do. DLD handlar om ei noko lengre lagring enn i dag av såkalla trafikkdata, og at teletilbydarane får påbod om slik lagring. Innhaldsdata skal ikkje lagrast. Det vil ikkje vere råd å lese innhald i tekstmeldingar og e-postar, heller ikkje å sjå kva internettadresser ein har vore inne på.

 

Politiet skal berre få tilgang til trafikkdata ved rimeleg grunn til mistanke om alvorleg kriminalitet. Det vil også bli kravd domstolsgodkjenning for slik tilgang, noko som er ei skjerping av praksisen i dag.

 

Sjølv med slike presiseringar kjenner mange, ikkje minst unge menneske, ubehag ved tanken på utvida datalagring. Det gjer inntrykk, og eg ser derfor at dette er ein pris vi betaler. Spørsmålet er for kva.

 

Eg har late meg overbevise av dei som jobbar i Kripos med å avdekkje pedofile nettverk og nettrelaterte overgrep mot barn. Dei er heilt klare på at overgriparar i dag går fri fordi trafikkdata blir sletta for raskt. Ei verre krenking av personvernet enn å bli utsett for seksuelle overgrep, for så å få bilete av dette spreidd på internett, er vanskeleg å tenke seg.

 

Kamp mot terror var på si side hovudmotivet då DLD vart initiert. Det er framleis høgaktuelt. Det er berre veker sidan politiet hindra planlagt terror mot to danske redaksjonskontor. Frykt for at ytringar og politiske handlingar kan bli møtt med valdelege motreaksjonar er etter mitt skjønn ein langt større trussel mot det frie samfunnet enn det DLD blir påstått å vere.

 

Av Helga Pedersen, parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet.

Publisert 26.11.2009