Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Høgres frieri til Frp

Høgres frieri til Frp

Eg vart svært forundra då eg såg at Høgre, som kallar seg næringspartiet, nå foreslår å kutte 1 700 millionar kvart år som mellom anna skulle gå til næringsutvikling i distrikta. Partiet vil, ifølge den kommunalpolitiske talsmannen Bent Høie, heller bruke desse pengane på å ruste opp riksvegnettet.

Når Høgre foreslår dette er det kanskje for å gjere seg meir lekker for sin framtidige regjeringspartnar Frp? For det blir sikkert jubel i Frp-leiren når Høgre går inn for full fart på vegane og medan partiet vil sette på handbrekket når det gjeld næringsutvikling i distrikts-Norge.

 

Men eg trur at dette utspelet frå Høgre ikkje fell i så god jord hjå Venstre og Krf, som Høgre i alle fall seier dei vil ha med i ei framtidig borgarleg regjering.

 

At Høgre ikkje får plass til både næringsutvikling og utbygging av vegane, må sjølvsagt forklarast med at dei, i motsetnad til den Stoltenberg-regjeringa, planlegg nye milliardar i skattelette til dei rikaste i åra som kjem.

Av stortingsrepresentant Gunvor Eldegard, Arbeiderpartiet - Næringskomiteen

Publisert 29.04.2008