Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Grønt lys for dobbeltspor Bergen-Arna

Grønt lys for dobbeltspor Bergen-Arna

Arbeidet med dobbeltspor på jernbanen mellom Bergen og Arna kan startast i 2013. Dei raudgrøne partia på Stortinget går inn for dette i statsbudsjettet for neste år, skriver stortingsrepresentant Magne Rommetveit

Dagens jernbanetunnel gjennom Ulriken er den mest traffikerte enkeltsportunnelen i Europa, og utbyggjing av ny tunnel er eit etterlengta prosjekt. I budsjettet for 2011 blei dei tidlegare delprosjekta Bergen- Fløen og ny Ulriken tunnel slått saman til eitt prosjekt. Dette er fornuftig i og med at prosjekta kvar for seg var avhengige av kvarandre for å gje effekt. Eit felles prosjekt bidreg også til å gje ei meir rasjonell framdrift av investeringa.

Delprosjektet Bergen- Fløen har tidlegare blitt utsett fordi ein mangla signalkompetanse. No kan ein planleggja dobbeltspor med framtidsretta nytt signalanlegg på heile strekninga Bergen- Arna. Reguleringsplanen vil vera ferdig handsama i Bergen bystyre i første del av 2012. I løpet av 2012 vil det også vera avklart kva slags signalanlegg ein skal satsa på.

Regjeringspartia ber i sitt budsjettarbeid Samferdselsdepartementet sørga for at prosjektet har nødvendig planavklaring til å starte opp i 2013. Dette inneber at Jernbaneverket må disponera sine ressursar slik at anleggsarbeidet for fellesprosjektet med dobbeltspor frå Bergen stasjon, via Fløen, gjennom Ulriken, og altså til Arna stasjon, kan startast opp i 2013. Med ei slik framdrift vil me få eit svært effektivt og attraktivt transportsystem mellom Arna og Bergen, både for folk og for gods.

Av Magne Rommetveit, stortingsrepresentant, transport- og kommunikasjonskomiteen

Publisert 20.12.2011