Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Frp + H = mindre velferd

Frp + H = mindre velferd

Valget om et år er et valg mellom verdier og skattelette, skriver stortings- representant Gunvor Eldegard. Her kommenterer hun Frp/H sine ambisjoner for å danne regjering i 2009.

Den siste tida har me kunne lese om Siv Jensen og gode målingar for Framstegspartiet. Og om Siv Jensen som førebur seg på å bli statsminister.

Det er sjølvsagt lov å gleda seg over gode meiningsmålingar, det gjer vel alle politiske parti. Men kvifor er det ingen som utfordrar Siv Jensen på korleis ho skal få gjennomført politikken sin? For det er faktisk slik at sjølv med gode meiningsmålingar må Framstegspartiet gå inn i eit samarbeid med eit eller fleire parti for å få gjennomslag for noko som helst. Da er vel det mest naturleg at dette vert Høgre. Høgre og Frp er jo einige om nokre saker, som til dømes skattelette. Men Framstegspartiet vil jo og ha enorme budsjettoverføringar til sjukehusa, til vegar, til kommunar, og Høgre vil bruka mindre pengar enn dagens regjering. Erna Solberg har nyleg uttalt at ho vil ha strammare budsjett. Eit resultat av eit slikt samarbeid vil da gje skattelette til dei som har mest frå før, og mindre pengar til velferd. Det er fasiten.

Det er framleis borgarleg kaos, men skulle dei koma til makta vil dei føre ein borgarleg politikk med hovudvekt på skattelette. For oss i Arbeidarpartiet handlar det om verdiar, det handlar om fellesskap og det handlar om muligheiter for alle. Valet om eit år er eit val om verdiar eller skattelette.

Stortingsrepresentant Gunvor Eldegard, Ap