Hittil i år er 24 omkomne mot 20 til same tid i 2009. (Nyleg omkom ein person i brann i eit omsorgssenter for rusmisbrukere i Oslo, og tre ble alvorleg skadd). Eldre er særleg utsette når det gjeld branndødsfall. De langt fleste var mennesker i aldersgruppa over 70 år. Vi er derfor glad for at regjeringa no skal setje ned eit utval som skal gjennomgå og vurdere branntryggleiken til risikogrupper - som til dømes eldre og uføre - som bur i ordinære bustader og i omsorgsbustader. Samfunnsøkonomisk fører brann til store kostnader i form av helseutgifter og skadeutbetalingar. Forsikringsutbetalingar etter brann i 2008 var på 4,7 milliardar kroner i fylgje Finansnæringas sin hovudorganisasjon.
Dei fleste som missa livet i brann, omkjem i eigen bustad. Derfor er det naturleg å setje ein vesentlig del av den førebyggjande innsatsen inn mot å redusere risikoen for og konsekvensane av bustadbrannar. Tar ein utgangspunkt i talet på brannar i bustader, er det kanskje grunn til å spørje seg om eigarar og bebuarane har tilstrekkeleg kunnskap om eiga ansvar og risikoen for brann. Justisdepartementet har derfor bedt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap gå gjennom bustadeigarane sitt ansvar for branntryggleik i eiga bustad, samt vurdere om dagens brannvernkrav knytt til bustadar, og dei ordningane vi har for informasjon, tilsyn og kontroll, er tilfredsstillande.
Stikkprøvekontrollar har vist at nye bygg ofte har store manglar når det gjeld branntryggleik. Det kan tyde på at eigenkontrollane etter dagens byggesakslovgjeving kanskje ikkje fungerer godt nok. Stortinget har derfor bedt om at det vert etablert ein fullverdikontroll av alle typar bygg, og eit betre samspel mellom utbyggjaren på den eine sida, og bygningsstyremaktene og brannvesenet på den andre sida. Vi meiner det er bra at lokale brannvernstyresmakter no får ei plikt til å registrere eldre leilegheitsbygg der brannfaren er stor.
Ei anna sak er at uerstattelege kulturhistoriske bygningar diverre går tapt i brann. Arbeidarpartiet meiner at brannsikring av kulturhistoriske bygg må ha prioritet framfør materielle verdiar generelt. Det ryste både lokalsamfunn og heile landet når vi ser verneverdige bygg går tapt i brann. Vi er derfor nøgd med at regjeringa no vurderer om brann- og eksplosjonsvernlova, samt kulturminnelova tar vare på branntryggleiken.
Sigvald Oppebøen Hansen og Thor Lillehovde, justiskomiteen