Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Familien og arbeid er fundamentet

Familien og arbeid er fundamentet

Arbeid til alle er Arbeiderpartiet si hovudsak, men dette er og viktig familiepolitikk. Arbeid handlar ikkje berre om enkeltindivida eller om skatteinntekter. Det handlar for svært mange om ein trygg familieøkonomi og eit godt familieliv, skriv stortingsrepresentant Lene Vågslid.

Å ha ein jobb gjev muligheit til å eige eigen bustad, gjev foreldre rett til foreldrepermisjon og gjev dei muligheit til å kombinere arbeid og omsorg.  Ein viktig føresetnad for at begge foreldre eller einslege foreldre kan vere i jobb i dag er barnehageplassar og gode permisjonsordningar, noko regjeringa og Arbeiderpartiet har satsa sterkt på. Fedrekvota og ein meir likestilt foreldrepermisjon er viktig for familiane og kvinner i arbeidslivet. Eg er derfor stolt over at Arbeiderpartiet og regjeringa har utvida fedrekvota.

Arbeiderpartiet er eit familieparti. Familien er viktig i eit velferdsamfunn. Me vil ha eit godt barnevern, gode barnehagetilbod for alle, ein god kvalitativ fellesskule der alle har like moglegheiter, men kan utfolde seg og vere ulike samt eit godt og inkluderande arbeidsliv. Det er viktig  både for familiane, men ikkje minst og fundamentet for velferdssamfunnet.

Eit samfunn som er godt for barn å vakse opp i, er godt å leve i for alle. Arbeiderpartiet har derfor i regjering bidrege til ei styrking av barnevernet, men me er ikkje i mål. Me meiner at barnevern er i hovudsak ei offentleg oppgåve, men der ideelle organisasjonar framover skal spele ei større rolle. Som døme på dette har me utlyst ein eigen anbodskonkurranse i barnevernet der berre ideelle organisasjonar kan levere anbod. Framtidas samfunn vil formas i samarbeid med det einskilde menneske og familien, offentlege styresmakter samt det frivillige Noreg der ideelle organisasjonar vert svært viktige.

Arbeiderpartiet er og vil halde fram med å vere eit godt familieparti, eit ansvarleg parti med arbeid og tryggleik til alle som hovudsak. Arbeiderpartiet og eg ser fram til å vere med på å forme denne politikken vidare.

Lene Vågslid, familie- og kulturkomiteen

Publisert 31.10.2011