Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Fagrørsla skal ha makt

Fagrørsla skal ha makt

Det er klart at fagrørsla skal ha makt. LO har til dømes over 800 000 medlemmar. Skulle dei ikkje ha makt? Me veit kven som har makta på den andre sida av bordet, nemleg dei som sit i styreroma. Mot dei mange hundre tusen som gjer jobben, er det altså nokon få som sit i lukka styrerom og tar avgjersler. Då kan ein med rette spørje kva som er mest demokratisk og kva som er best for fellesskapet, skriv stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen.

Unge Høgre og Torbjørn Røe Isaksen er bekymra for det fagleg politiske samarbeidet mellom Ap og LO. Er det slik at Høgre er meir bekymra for eigarane framfor fellesskapet? Kor demokratisk ville det ha vore om dei viktigaste avgjørslene i arbeidslivet og samfunnslivet bare blir tatt i lukka styrerom og på Stortinget?

Det er nemleg ikkje slik at dersom fagrørsla hadde fått mindre makt, så ville den makta på eit vis ”forsvunne”. Det er alltid ein kamp om makt og innflytelse i samfunnet. Ein sterk fagrørsle er nødvendig som motvekt til dei sterke kapitalkreftene. Faktisk er ein sterk fagrørsle sjølve adelsmerket på eit livskraftig demokrati. Det er nok av negative døme dei siste åra der me har sett eit samfunn der storkapitalen har hatt stor innflytelse på politikken.

 

Finanskrisa starta i USA som ein konsekvens av alle dereguleringane lobbyistane hadde kjempa igjennom. Katastrofen i Mexico-gulfen kan godt kome til å vise seg som resultat av dårlegare reguleringar enn me har på norsk sokkel. Fagrørsla sitt arbeid for HMS i alle delar av norsk næringsliv er avgjerande for at me klarer å konkurrere globalt.

 

Dessutan synes eg det er trist at Røe Isaksen ikkje ser den verdien som ikkje kan målast i pengar, men som me likevel tener så godt på. Når Einar Gerhardsen blei spurt om kva som var dei størsta framstega som var gjort i hans tid som folkevald, så svara han noko sånn som at ”ingen trenger lenger å stå med lua i hånda”. Fagrørsla er ein viktig del av norske arbeidsfolks sjølvrespekt. Dei veit at dei har innflytelse.

 

Det er faktisk dette som skaper dei gode forholda på arbeidsplassen og som gjer at me her i Noreg er blant dei mest produktive i verda. Dette er stadfesta i rapportar, både av FN og vårt eige SSB. Så då kan me jo spørje oss: kva er det som er så unikt ved vår måte å organisere arbeidslivet på? Jau, nettopp fagrørsla sin sterke stilling.

 

La meg også legge til at Arbeidarpartiet ønskjer også å ha ein open dialog med andre arbeidstakarorganisasjonar og andre grupperingar som er engasjert i menneske sin kvardag og samfunnsspørsmål i brei og heilskapande forstand.

Av stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen, Arbeiderpartiet

Publisert 21.06.2010