Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Eit møte på toget

Eit møte på toget

Ein morgon for litt sidan kom eg i prat med ei svært hyggeleg dame på toget til Stortinget. Ho kunne fortelja at ho i vaksen alder hadde mista synet, men at ho no hadde det betre enn på svært lenge. Ho hadde nemleg fått førarhund! Den dagen tok ho turen til Nesodden, buss frå Ås til Ski, toget til Oslo S, og ho og hunden kunne gå frå Oslo S til Aker brygge for så å ta ferja til Nesodden, skriv stortingsrepresentant Gunvor Eldegard.

Dette vesle møtet var for meg ei påminning om kvaliteten ved det norske samfunnet. Me betaler alle inn til fellesskapet slik at dei av oss som treng ekstra hjelp, kan få dette utan store økonomiske belastningar. Det er ein vesentleg del av det me kallar den norske modellen, og eg er overbevist om at dette bidrar sterkt til at FN igjen har kåra Noreg til verdas beste land å bu i.

Arbeidarpartiet vil betra samfunnet steg for steg med utgangspunkt i den norske modellen. Framleis er det for mange eldre som ikkje får det omsorgstilbodet dei har behov for. Framleis er det for mange som står heilt utanfor arbeidslivet. Og framleis er det for mange elevar som ikkje får god nok oppfølging og for mange som ikkje fullfører vidaregåande skule. Så lenge det er slik, blir det heilt feil å svekke inntektene til fellesskapet med titals milliardar i skattekutt. Berre å fjerna formuesskatten, som Høgre og FrP ønskjer, tilsvarer den årlege drifta av 15 000 sjukeheimsplassar. For Arbeidarpartiet er det ein altfor høg pris å betala, sjølv om også denne skatten har sine problematiske sider. Det er òg den einaste skatten som hindrar at milliardærar blir nullskatteytarar, noko som er viktig for å oppretthalda skatteviljen blant folk flest.

 

Det viktigaste for Arbeidarpartiet er likevel at alle som ønskjer og kan, skal ha eit arbeid å gå til. Det er viktig for den enkelte si sjølvkjensle, for kampen mot fattigdom og for integreringa. Men framfor alt er det ein føresetnad for verdiskapinga som gir oss vår felles velstand og velferd. Og førarhund til dei som treng det.

Gunvor Eldegard, stortingsrepresentant

Publisert 13.12.2010