Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Ei øy av sysselsetting i eit hav av arbeidsløyse

Ei øy av sysselsetting i eit hav av arbeidsløyse

Regjeringa satte seg som mål at Noreg skulle kome seg ut av finanskrisa med lågast arbeidsløyse i Europa. Dette målet er oppnådd, så langt. Arbeidsløysa ligg no rundt 3 prosent her i landet. I Eurolanda er talet 10 prosent, noko som er svært alvorleg, skriv stortingsrepresentant Gunvor Eldegard.

Kontrastane til Noreg kan opplevast som store. Men dette angår oss i høg grad. Når europeiske land rammast økonomisk, så rammar det også Noreg. 80 prosent av vår eksport går til EU. Og me veit at ein del eksportbedrifter slit, og spesielt verfts- og leverandørindustrien. Difor la regjeringa nyleg fram ei tiltakspakke for verft og utstyrsleverandørar. Gjennom styrking av Giek med 10 mrd, 200 mill til nye innovasjonslån, og midlar til forsking, miljø og innovasjon vil regjeringa stimulera til lønsame prosjekt, legga til rette for omstilling og sikra og vidareutvikla kritisk kompetanse.

Fleire land i Europa, deriblant Hellas som har ein anstrengt budsjettsituasjon, må no stramma inn finanspolitikken i ei tid der arbeidsløysa er aukande, og det eigentlig er behov for å stimulera til auka etterspørsel. Dette kan skapa høg og vedvarande arbeidsløyse, auka politiske spenningar og ytterlegare problem for eurosamarbeidet framover. Den statsfinansielle krisa i Hellas har satt eurosamarbeidet på sin største prøve hittil og skapt ny usikkerhet om den finasielle stabiliteten i Europa. Difor er det positivt at Hellas kom til semje med IMF, Europakommisjonen og Den europeiske sentralbanken om eit stabiliseringsprogram som kan bringa gresk økonomi på fote igjen.

 

Det er viktig at regjeringa kan koma med tiltakspakkar når det er behov for det. Like viktig er det at det er konkurranse på like vilkår i den indre marknad i Europa. Det er viktig at finanskrisa ikkje fører til proteksjonistiske tiltak eller auka bruk av konkurransevridande støtte. Og ikkje minst; at tiltaka ikkje fører til sosial dumping eller at miljøomsyn vert satt til side.

 

Noregs økonomiske situasjon i dag kan beskrivast med Odvar Nordli sine ord som ei "øy av sysselsetting i eit hav av arbeidsløyse". Men me lever ikkje åleine. Me er avhengig av Europa for å få selt varene våre. Noregs økonomi er og sårbar. Det skal me ta på alvor.

 

Stortingsrepresentant Gunvor Eldegard

Publisert 06.05.2010