Dette er målet for Kriminalomsorgsmeldinga, som Stortinget nettopp har vedteke.
Kriminalomsorgsmeldinga set søkjelys på straff som verkar, mindre kriminalitet og eit tryggare samfunn. God rehabilitering krev fleksibilitet innanfor rammene av idømt straff, med gode verkemiddel både innanfor og utanfor fengsla. God rehabilitering krev også planmessig gjennomføring av straffa med kontinuitet og koordinering av tiltak i ein «saumlaus» straffegjennomføring, utan skott mellom fengsel og friomsorg, og med tett samarbeid med andre verksemder, som NAV og skuleverket.
I sin Soria Moria-erklæring lovde regjeringa å innføre ein tilbakeføringsgaranti, som skal styrke samarbeidet mellom kriminalomsorga og ulike etatar for å gi den straffedømte ein god moglegheit for ein ny start etter soning. Gjennomføring av denne tilbakeføringsgarantien står sentralt i Kriminalomsorgsmeldinga.
Noreg har ikkje livstidsdommar, så alle skal attende i samfunnet etter avslutta soning, og dei kan bli din nabo eller min nabo. Då er det viktig at dei dømte vert gjort i stand til å takla eit kriminalitetsfri tilvære. Dei viktigaste pilarane er jobb og bustad. Derfor er det viktig at vi no har fått på plass utdanning i alle fengsla, og at jobbane er relevante praksisplassar. Men ein treng også å få eit nettverk, slik at fritida vert meiningsfull. Her vil dei frivillige organisasjonane spela ei viktig rolle.
Tilbakeføringsgaranti inneber eit samarbeid mellom den domfelte sjølv, kriminalomsorga og ulike relevante samarbeidspartnarar. Det er svært viktig at den domfelte sjølv vert involvert i dette arbeidet ved å verta ansvarliggjort for si eiga attendeføring og får moglegheiter for sjølvforvalting. Tilbakeføringsgarantien gjev ingen nye rettar. Den inneber derimot at den domfelte skal kunne nytta seg av dei rettar dei har, på lik line med andre borgarar.
Eg vonar tilbakeføringsgarantien kan gi mange menneske eit betre liv, og at gjengangerkriminaliteten vert redusert. Det betyr færre kriminalitetsofre i framtida, og at vi kan spare mykje både for den enkelte av oss og samfunnet som heilskap.