Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Det nye ”vi”

Det nye ”vi”

Utfordringane med å integrere våre nye landsmenn, som kong Olav i si tid omtalte innvandrarane våre, er ulike i ulike delar av landet. I mindre Sogn og Fjordane-kommunar går mykje av seg sjølv.  I større byar er innvandrarmiljøa større, og kan i større grad leve fråskilt frå samfunnet elles, skriv stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

Uroa innvandringa skaper hjå mange, er likevel jamt fordelt i landet. Gjennom integreringsutvalet leia av Jonas Gahr Støre tar Arbeidarpartiet denne uroa på alvor ved å understreke dei høva mangfaldet gir oss til å møte ei globalisert verd, dei felles verdiane det nasjonale fellesskapet vårt bør byggje på, samt kva vi forventar av innvandrarane som får høve  til å bli ein del av dette fellesskapet.

Norsk er nøkkelen
Blant framlegga er ei kraftfull oppgradering av opplæring i norsk. Det å meistre norsk er ein føresetnad for fridom og like sjansar i livet. Vi vil styrkje norskopplæringa i introduksjonsprogramma, i skulen og i arbeidslivet. Og det skal ikkje berre vere ein rett å lære seg norsk, men også ei plikt. Utvalet går inn for bestått språktest for å få statsborgarskap. Det er eit tøft krav. Kvar og ein av oss kan tenkje på kor lett vi synest det er å lære eit nytt framandspråk. Spesielt dersom vi har kome litt opp i åra.

Barnehagen viktig
Heldigvis går det lettare for dei yngste. Men det føreset kontakt med norske barn. Her har regjeringa sin barnehagepolitikk vore viktig, ikkje minst innføringa av gratis kjernetid for alle barn i innvandrartette område. For å sikre at ingen fell utanfor som barn, føreslår utvalet ei språkkartlegging ved fireårskontroll med pliktig språkstøtte om barnet meistrar norsk dårleg. På skulen skal fellesspråket vere norsk, særskilt norskopplæring skal styrkast, og opplæring ved hjelp av morsmål skal utelukkande byggje opp under norskopplæringa.

Felles fundament
Når samfunnet blir meir mangfaldig, må samfunnet vere tydeleg på fundamentet. Vi meiner det norske samfunnsfundamentet er demokrati, rettsstat, universelle menneskerettar, ytringsfridom, likestilling og likeverd. Tvangsekteskap bryt med dette fundamentet. Når utvalet går inn for utgreiing av eit forbod mot søskenbarnekteskap, handlar det ikkje berre om helse, men òg om å førebyggje tvangsekteskap. Det same gjer framlegget om auka inntektskrav for å hente ektefelle frå utlandet.

FrP-ros greit
FrP omfamnar Støre-utvalet og Arbeidarpartiet i denne saka. Det lever vi godt med. Ingen har som FrP, gjennom 40 år, etterapa andre i sak etter sak når dei ser at eigen politikk ikkje held mål. At også dette partiet har kome med enkeltframlegg som andre ser kan vere fornuftige, endrar ikkje dette biletet. Delvis har då òg FrP sin vekst vore eit uttrykk for ei folkeleg uro i møte med det fleirkulturelle samfunnet, ei uro Arbeidarpartiet tar på alvor. Utgangspunktet er likevel grunnleggjande ulikt. Vi fiskar ikkje veljarar gjennom overdrivingar eller å spreie gufne mistankar om  heile grupper. Vi tar tvert imot ansvar for at det nye ”vi”, i fellesskap, skal vidareutvikle Noreg som det samfunnet av moglegheiter som det er. 

Ingrid Heggø, stortingsrepresentant

Publisert 15.02.2011