Me må ha ein politikk som er bygd på verdiar og idear om korleis me skal vere mot kvarandre, om fridom, rettferd og solidaritet. Derfor må me løyse utfordringane saman – og ikkje kvar for oss. Eit samfunn med gode fellesskapsløysingar gir kvar enkelt av oss større mulegheiter. Tryggleik er ein føresetnad for fridom. Trygge menneskjer tør å satse meir enn utrygge menneskjer. Fridom blir først ein realitet gjennom fellesskapsløysingar som gir alle ein grunnleggjande tryggleik.
Sidan krigen har me alle vore med på å bygge opp dette landet til å bli eit av verdas beste land å bu i. Alternativet til dagens regjering er ein blå, blå regjering, som betyr eit samfunn med stor grad av privatisert velferd og vesentleg mindre mulegheiter for politisk styring enn det me har i dag.
Arbeidarpartiet er ikkje mot private løysingar og marknad. Men kunnskap, omsorg, fri ferdsel og samfunnets infrastruktur handlar om fordeling og ansvar for kvarandre, - ikkje om kjøp og sal.
Høgresida sitt utgangspunkt er at verdiskapinga bare skjer i privat sektor, mens offentleg sektor bare er ein utgiftspost. Me ser heilt annleis på dette. Det er ikkje slik at det å produsere medisinar i farmasiindustrien er verdiskaping, mens dei same medisinane er ein utgift når dei blir bruka på eit offentleg sjukehus. Hovudpoenget er å utnytte ressursane til det beste for samfunnet, uavhengig om dei blir skapt i privat eller offentleg sektor – ikkje å privatisere for einkvar pris.
Velferdssamfunnet må vere ei trampoline som folk kan satse frå. Då må me bygge velferda vidare, ikkje bygge den ned. Derfor er det så viktig å satse på fellesskapet.
Regjeringa prioriterer kampen mot arbeidsløyse. Det er fordi me veit at det ikkje finnast større sløsing enn å la folk gå ledige. Det handlar ikkje først og fremst om pengar, det handlar like mykje om å la folk få føle seg viktige og nyttige i samfunnet. Det handlar om å gje alle ein mulegheit til å sitte rundt middagsbordet å kunne fortelje om arbeidsdagen. Det handlar om at borna kan fortelje sine venner kva mamma eller pappa jobbar med. Det handlar om livskvalitet og tryggleik i eigen kvardag. Det er den norske modellen.
Sigvald Oppebøen Hansen, stortingsrepresentant