Trafikkdata er viktige prov i straffesaker. Baneheia- og Nokassaka er døme på straffesaker der politiet sin tilgang til denne type data, var avgjerande for oppklaringa. Ei intern undersøking i politiet av 1450 positive påtaleavgjerdsler synte at innhenta trafikkdata hadde stor betydning for etterforskinga av: Drap, lekamskade med døden til følgje, grove narkotikasaker, grove ran, valdtekt og seksuelle overgrep mot barn.
DLD handlar også om personvern. Det er viktig for å hindra terror, identitets-tjuveri, utnytting av born og viktig for kampen mot kriminalitet. Nyleg fekk politiet tips om ein far som opererte som hallik på internett for den sju år gamle dottera si. Faren opplyste at han sjølv misbrukte dottera, la ved tre bilete og oppgav e-postadresse. Då politiet fekk informasjonen, var opplysningane sletta hos nettleverandøren, i tråd med dei lagringsreglane som gjeld i dag. Difor vil me utvida lagringstida, men balanserer dette med strenge reglar for tilgang som også vert underlagt domstolskontroll. Hovudregelen er at trafikkdata berre kan utleverast til politiet i saker der det er skjellig grunn til mistanke om straffbar handling som kan medføra fengsel i fire år eller meir.
Av stortingsrepresentant Magne Rommetveit, transport- og kommunikasjonskomiteen