Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Brotsverk skal ikkje løne seg

Brotsverk skal ikkje løne seg

Jakta på profitt ligg bak svært mange brotsverk, og skal me kunne drive god og målretta kamp mot kriminalitet, må me råke inntektene. Eit viktig tiltak då er inndraging av utbyttet, det vere seg pengebeløp, bustadar, bilar, smykke og andre verdigjenstandar. Då fråtek me forbrytarane symbola på deira suksess, skriv stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen og Jan Bøhler.

Dette er blant anna gjort i den sokalla Rasool-saka, der dei involverte fekk inndrege 8,1 millionar kroner, ein leilegheit i Oslo og tre leilegheiter i Brasil. Pengane er sjølve pulsåra i kriminaliteten, og me veit at dette svir. Reint preventivt råkar det bakmennene, dei som trekker i trådane og som me sjeldan får tak i.

Den generelle foreldingsfristen for inndragingskrav er i dag på fem år. For å gi politi og tollmyndigheiter økt mulegheit for bruk av inndraging, og unngå at dei med lange dommar kan sjå fram til å hente utbyttet når dei slepp fri, ønskjer me å utvide denne foreldingsfristen kraftig. Dette er ein del av stortingsmeldinga om organisert kriminalitet som justiskomiteen nå har til behandling.

Det er ein stor utfordring at organisert kriminalitet i dag ofte løner seg, sjølv om den som utøvar kriminaliteten blir domfelt. Ofte venter gevinsten på utsida. Det å ta frå kriminelle sjølve profitten, er viktig både som ein reaksjon på sjølve kriminaliteten, og for at befolkninga skal ha tillit til strafferettssystemet.

For at politiet i større grad skal fokusere på bruk av inndraging, bør dette kome inn som eit kriterium i politiets måling av resultat, på linje med oppklaringsprosent og saksbehandlingstid.

Av stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen og Jan Bøhler, justiskomiteen

Publisert 31.03.2011