Staten sitt engasjement i Aker Holding sikrar norsk forankring av Aker Solutions, som er eit industriselskap som betyr mykje for norsk verdiskaping og norske arbeidsplassar. Det har heile tida vore viktig for oss at Aker Solutions skal vidareutviklast som ein internasjonal leverandør av teknologi og produkt til energi, olje og gass.
Opposisjonen har frå dag ein vore negative til heile denne saka. Men dei har ikkje samla seg om kva dei er usamde i. Regjeringa vart kritisert for alt frå sosialdemokratisk samrøre og gåvepakkar til Røkke, til at dette aksjekjøpet ville gjera det totale statlege eigarskapet på børsen for stort.
Til tross for massiv kritikk då saka vart kjent, bestemte FrP seg likevel for å støtte saka då den kom til handsaming i Stortinget. Då saka med dei etter kvart så kjente transaksjonane i Aker Solutions begynte å rulle opp før påske, og næringsministeren tok affære, kom kritikarane raskt på banen igjen. Men heller ikkje no har dei vore samde om kva dei skal kritisere. Sjølv om dei har klart å samle seg om eit mistillitsforslag, så er det einaste dei ser ut til å være samde om at dei er imot Regjeringa!
Det er heller ingen tvil om at dei som i utgangspunktet er motstandardar av statleg eigarskap i norsk næringsliv brukar denne saka til inntekt for sitt syn.
Det at statsråden skal få eit mistillitsforslag retta mot seg på bakgrunn av si handtering av denne saka ser eg på som svært merkeleg. Opposisjonen har brukt store ord i denne saka, og grove skuldingar er retta mot statsråden og Regjeringa.
Det statsråden har gjort, er å stå opp for aksjonærdemokratiet, og sørgja for at det både vart gjennomført ein uavhengig gjennomgang av verdifastsettinga ved Aker-transaksjonane, og at generalforsamlinga i Aker Solutions fikk høve til å vurdere kjøpet. For ein bør merka seg at dei andre eigarane, som står for 60 % av aksjane i Aker Solutions, ikkje ville ha fått høve til å gi uttrykk for si meining i saka dersom ikkje Staten og dei svenske eigarane hadde sørgja for ei ekstraordinær generalforsamling. Som kjent vart det på generalforsamlinga 8.juni gitt krass kritikk frå fleire profesjonelle investorar mot Aker-systemet si handtering av saka. Det har òg statsråd Brustad vore tydeleg på. Det er ingen tvil om at saka skulle ha vore betre forankra hos eigarane.
Det at aksjonæravtala no blir presisert er bra. Og erfaringane frå denne saka vil me ta med oss vidare. For staten skal framleis vere ein viktig eigar i norsk næringsliv, slik at me også i framtida kan sikra nasjonal forankring og langsiktig utvikling av nøkkelbedrifter i Noreg.
Av stortingsrepresentant Gunvor Eldegard