Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Betre transport frå kai til kai

Betre transport frå kai til kai

Kystnasjonen Norge er heilt avhengig av god transport og frakt frå kai til kai. Stortinget vedtok denne veka eit raudgrønt samferdselsbudsjett som vil betre transporten for mange menneske og bedrifter langs vår langstrakte kyst neste år, skriver stortingsrepresentant Magne Rommetveit. 

Onsdag 14.desember skal Fjord 1 si M/F ”Boknafjord,” den største gassferja i verda, døypast ved Fiskerstrand verft i Sula kommune. Den skal no før årsskiftet setjast inn i sambandet Mortavika- Arsvågen, og det inneber at det no vert 20 minuttar mellom kvar avgang, mot 30 minuttar i dag. 

Denne ferja skal også tena som reserveferje i sambandet ved E-39 Halhjem- Sandvikvåg. Det vil gje eit mykje betre samband over Boknafjorden, samstundes med at dei som nyttar sambandet over Bjørnefjorden frå no av kan rekna med at C- ferja på dette sambandet verkeleg går. Ein stor del av budsjettauken på 45,5 mill.kroner på posten for kjøp av riksvegferjetenester, går nettopp til dette tiltaket.

Fram til me får ein ferjefri E-39, Kyststamvegen, er det viktig både for næringslivet og for folk, at me gjer trafikkeringa langs kysten så smidig og sikker som mogleg. Difor er eg også svært glad for at Stortinget stør oppmodinga om at Regjeringa utarbeidar ein plan for innfasing av Autopass på riksvegferjene.

Samferdselsbudsjettet 2012 har og i seg avgiftslette for dei som driv sjøtransport, og budsjettet har ikkje minst i seg fleire tiltak som gjer sjøtransporten meir effektiv og tryggare. Likevel har me endå større ambisjonar, og dei raudgrøne i transportkomiteen ber i si innstilling Regjeringa om å samarbeida med vareeigarar, transportbedrifter, reiarlag og hamneorganisasjonar om korleis ein best kan nå målet om overføring av meir last til sjø. Me har store voner til Regjeringa si vidare oppfølgjing av dette punktet, og Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen har allereie kvittert ut at ho vil invitera alle dei sentrale aktørane til ei møterekke utpå nyåret, for å få til eit forpliktande samarbeid på dette feltet.

Av Magne Rommetveit, stortingsrepresentant, medlem transport- og kommunikasjonskomiteen

Publisert 20.12.2011