Kvar einaste dag går hundrevis av millionar menneske svoltne til sengs. Den same verda er i ein kritisk situasjon i høve til menneska sine utslepp av klimagassar.
Dette oppsummerar vår tids største utfordring. Me skal avskaffe den globale fattigdommen samstundes som me må dramatisk redusere dei globale utsleppa av klimagassen CO2.
Auka velstand fører til auka etterspurnad etter energi, og det er denne bruken av energi som i hovudsak står bak auken i våre klimagassutslepp. Skal me løyse klimautfordringa so må vår energibruk endras dramatisk!
Samstundes treng me meir energi, men denne energien må vere tilnærma CO2 nøytral. Auka bruk av fornybar energi er ein del av løysinga, men framleis vil hovuddelen av verdas energiforsyning i tiår framover vere fossil energi. Utfordringa er derfor å gjere bruk av fossil energi meir miljøvenleg.
Som ein av verdas største petroleumsprodusentar har Noreg ein særlig interesse av å finne ei løysing på CO2 utfordringa. Satsing på nye teknologiar er særs viktig og i statsbudsjettet er det satt av 267 millionar til eit fond for satsing på ny miljøteknologi.
Noregs store og ambisiøse satsing på karbon fangst- og lagring (CCS) er og eit svar på denne enorme utfordringa.
Det eksisterar i dag teknologi for karbonfangst, men den er ikkje prøvd på svært store anlegg, samstundes som kostnadene knytt til denne prosessen er svært store. Vår milliardsatsing på Mongstad handlar derfor om å utvikle ein framtidig løysing for lønnsam fangst og lagring av CO2 frå store anlegg. Me håper og vår framtidige teknologi og skal kunne la seg nytte til andre føremål som til dømes reinsing av verksemder tufta på kolkraft.
Me har og her i Noreg etter initiativ frå Arbeiderpartiet forplikta oss til at Noreg skal vere karbonnøytralt i 2030. Før me lanserte ideen om karbonnøytralitet var det ingen som hadde slike ambisjonar. I praksis betyr karbonnøytralitet at Noreg tar på seg å reinse og/eller kjøpe kvoter andre stadar i verda tilsvarande våre eigne utslipp. På denne måten tar me fullt og heilt ansvar for våre nasjonale utslepp.
Å stoppe snauhogsten av skog som går føre seg mange stader i verda er ei anna stor utfordring. Skog bind opp CO2. Når enorme mengder av verdas skog, særskilt regnskog, vert svidd av so er det dramatisk. Noko av det mest verknadsfulle me kan gjere er derfor å yte eit arbeide slik at me kan redde skogen. Vår regjering med Arbeiderpartiet i spissen nyttar omlag 3 milliardar kroner årleg til kampen for å bevare skogen i fattige land. Dette vil kunne gje enorme klimaresultat for pengane. Kanskje er det ikkje noko anna tiltak som gjev den same effekten for like mykje pengar. Noreg sin satsing når det gjeld å ta vare på regnskog haustar allereie stor internasjonal heider og rosande omtale. Noreg sin innsats, og leiande rolle i klimapolitikken vert av den grunn lagt merke til over heile verda.
Dei siste fire årene har og satsinga på fornybar energi vorte mangedobla i vårt eiga land. Grunnfondet, der avkastninga skal gå uavkorta til grøn og miljøvenleg energi, vil om kort tid vere oppe i 30 milliardar kroner. Når me overtok regjeringskontora var ikkje tanken om eit slikt fond eingong tilstades. Enova (det statlige selskapet som har ansvaret for utbygginga av fornybar energi) disponerar i år omlag 1.8 milliardar kroner, og vil neste å disponere endå meir. Dette gjev oss mykje ekstra og miljøvennlig energi noko som kjem både klimaet, industrien og forbrukarane til nytte. I tillegg er det viktig i høve til nyskaping og innovasjon, noko som kan føre til nye framtidige næringar og arbeidsplassar.
Våre born og barneborn vil dømme oss knallhardt om me ikkje løyser klimautfordringa. Me kan verken skulde på at me ikkje visste, eller at me ikkje hadde rikdommen til å handle. Av den grunn handlar Arbeiderpartiet. Me har ikkje ei reservejord i baklomma, av den grunn har me heller ingen plan B.
Gunvor Eldegard, stortingsrepresentant