Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Arbeiderpartiet er tryggleik

Arbeiderpartiet er tryggleik

Me har allereie ei global finanskrise bak oss, men ei ny er kanskje allereie vente. Den førre finanskrisa handterte den raudgrøne regjeringa framifrå. Me kom ut av den med lågast arbeidsløyse i Europa. Slik vi me det og skal vere i tida som kjem, men me er ikkje usårbare. Det krev fast, klok og god styring. Det krev ei raudgrøn Arbeiderparti leia regjering, skriv stortingsrepresentant Gunvor Eldegard.

Mange europeiske land står i dag ovanfor store utfordringar. Mange har stor statsgjeld, stigande arbeidsløyse og liten eller ingen vekst i økonomien. Mange av dei same landa har historisk vore våre fremste handelspartnarar. Ein ser fort at sjølv om me har god orden i eigen økonomi so vert me påverka når andre land ikkje har tilsvarande orden.

I ein slik situasjon er det viktigare enn nokon gong å føre ein politikk som sørgjer for at renta og kronekursen held seg låg. Berre på denne måten kan me opprettehalde vår eigen konkurransekraft og trygge landets arbeidsplassar!

Ansvarleg budsjettpolitikk der hovudmålet er å sikra arbeidsplassane og konkurranseutsett næringsliv er heilt avgjerande for at me skal lykkast både neste år, og med tanke på komande generasjonar. Mange av oss minnest 2002-2003, då høge lønstilskot her heime gav aukande renteforskjell og ein styrking av krona. Dette førte til 25000 færre arbeidsplassar i industrien på 2 år! Slikt skal ikkje skje igjen.  For oss i Arbeiderpartiet er omsuta til arbeidsplassane og tryggleiken for eigen inntekt grunnleggjande. Difor må me halda orden i eige hus og ikkje bruke pengar over ein låg sko.

I enkelte store aviser kan me lesa at FrP meinar at det ikkje er behov for å stramma inn budsjettet, at mange deriblant Høgre ynskjer seg meir til politi, meir til infrastruktur, meir til utdanning , meir til kommunane, meir til nær sagt alt. Lista over gode ynskjer er lang, men skal må ha eit ansvarleg budsjett, skal me ha framleis ha låg rente og ikkje for sterk kronekurs – slik at me sikrar eksportindustrien vår – ja da må me evne prioritera. Arbeiderpartiet og den raudgrøne regjeringa har denne evna. At høgrepartia ikkje innehar den same evna vert blottlagt for all verden gjennom deira gjentekne framlegg om auka utgifter kombinert med store skattekutt. Det er uansvarleg og vil setje vanlege folk sin hus og heim i fare.

Gunvor Eldegard, finanskomiteen

Publisert 31.10.2011