Norge skal vidareutviklast som reiselivsdestinasjon, med basis i Norge sin natur og kulturressursar. Derfor må desse ressursane ivaretakast, og reiselivsnæringa må sjåast i samanheng med andre viktige politikkområde som kultur, landbruk, samferdsle og distriktspolitikk. Både Nord-Norge og Vestlandet har etter mitt syn eit stort potensial for vidare satsing for grønt reiseliv og fokus på at reiselivsnæringa er viktig distriktsnæring.
Andre viktige distriktsnæringar er landbruk og næringsmiddel-industrien. Landbruk spelar ei viktig rolle for busetnad og sysselsetting i store delar av landet. Målet er å oppretthalde eit levande og mangfaldig landbruk og eit berekraftig skogbruk over heile landet som gjev attraktive arbeidsplassar og sikrar rekrutteringa og sikrar opne kulturlandskap.
Eg er svært nøgd med at regjeringa har varsla i Soria Moria 2 at det skal kome ei ny stortingsmelding om landbruk der alt dette vert omtala, herunder også jordvern.
Regjeringa fører ein aktiv næringspolitikk, og verkemiddelapparatet vårt skal framleis styrkast. Jubelen var stor då Stoltenberg-regjeringa i 2005 følgde opp att med pengar til kommunale næringsfond. For Sogn og Fjordane sin del gjekk vi frå 0 med H i regjeringa til over 12 millionar med Stoltenberg 2.
Norge er eit næringsvenlig land og vart kåra til nr 10 av totalt 183 land, det er eg stolt av, men ikkje nøgd.
Eg er derfor svært nøgd med at det i Soria Moria 2 vert varsla ein gjennomgang av kapitaltilførsel til små og mellomstore bedrifter i den vanskelege tidlegfasen, og at vi vil sjå på forenklingar for små og mellomstore bedrifter. Likeeins sikre stabile forutseielege rammevilkår for industrien.
Dette valet var eit verdival, eit val av samfunnsretning.
Den norske modellen som inkluderar alle eller ein mørkeblå politikk der alle er sin eigen lykkes smed.
Det norske folket sa ja til meir fellesskap og å skape og dele, ja til at arbeid for alle er jobb nr 1 og ja til meir raudgrøn politikk.
Av stortingsrepresentant Ingrid Heggø, Ap – Næringskomiteen